Verdsreligionane – Islam

Islam er den yngste av verdsreligionane og den nest største. Dei truande blir kalt muslimar. Dei trur på Allah, som betyr 'Gud' på arabisk.

Accessibility icon Verdsreligionane – Islam
VerdsreligionAne:

Islam

Ein mann med namnet Muhammad grunnla islam. Han blei fødd i handelsbyen Mekka, i noverande Saudi-Arabia, rundt 570 e.Kr. Ifølgje muslimar fekk Muhammad eit profetkall frå Allah (Gud). Gud befalte han å forkynne at det fanst berre éin gud. Så flytta Muhammad til Medina. Her blei islam danna som ein religion. Profeten Muhammad var flink til å tale, og han var også ein stor politikar og hærførar. Då han døydde, var han den suverene herskaren over store delar av Midtausten.  

Stor moske i solnedgang
Stor moske i solnedgang

Omfang 

Islam er den nest største religionen i verda etter kristendommen. Islam har rundt 1,7 milliardar tilhengjarar i verda. Sjølv om Midtausten er kjerneområdet for islam, bur det flest muslimar i Pakistan, Bangladesh og India. I Europa er islam den nest største religionen etter kristendommen. I Vest-Europa er islam etter måten ein ny religion, og det heng saman med innvandring. Av vesteuropeiske land har Frankrike flest muslimar med fem millionar. 

Etter at Muhammad døydde, blei det usemje om kven som var den rettmessige etterfølgjaren hans. Det førte til at islam delte seg inn i to hovudgrupper: sunniislam og sjiaislam. Dei aller fleste muslimar er sunnimuslimar, cirka 85 prosent. Heile det islamske fellesskapet blir kalla «umma».  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Blå moske
Blå moske

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!