Ahimsa

Ahimsa er sanskrit og betyr‑ ikkje‑vald eller ikkje å skade. Det er eit grunnleggjande etisk prinsipp i jainismen, men også viktig i hinduismen og buddhismen.

Ahimsa handlar om respekt for alt liv og om å unngå å skade andre i handlingar, ord og tankar.

I jainismen er ahimsa den viktigaste moralske regelen, og alle handlingar blir vurderte ut frå om dei skader liv.