Bastillen

Bastillen var ei festning i Paris bygd på 1300-talet. På 1700-talet vart Bastillen brukt som fengsel. Det var ofte kongen som gav ordre om å arrestere folk. Dei vart sette i fengsel fordi kongen bestemte alt. Fangar fekk ingen rettsak. Storminga av Bastillen 14. juli 1789 står som eit symbol på den franske revolusjonen.

Kjelde: snl.no