Børskrakk

Investorar og andre kan kjøpe aksjar i eit firma. Då kan dei tene pengar viss firmaet går godt. Viss mange opplever at dei tapar pengar, eller vil tape pengar over tid, kan dei selje aksjane sine. Viss mange gjer dette samtidig, vil prisane falle, og mange tapar mykje pengar. Børskrakk er eit stort og plutseleg prisfall, meir enn ti prosent, i aksjane som blir omsette på ein børs. Dette kan skje på éin dag, men oftast skjer det over noko lengre tid. Stadig fall i prisen kan skape panikk og verke selvforsterkende. Det kanskje mest kjente børskrakket i verdshistoria var krakket på Wall Street i New York i oktober 1929. Då stupte prisane med meir enn ti prosent i løpet av to dagar.

Kjelde: snl.no