Den amerikanske sjølvstendekrigen

Både av religiøse og økonomiske årsaker flytta mange britar til Amerika på 1600-talet. Med åra var det mange av desse kolonistane som ønskte å lausrive seg frå Storbritannia. Den engelske kongen påførte dei nemleg store kostnader gjennom skatt og andre avgifter. Mellom anna for å betale for kostbare krigar mot Frankrike. I 1775 starta krigen mellom kolonistane og Storbritannia. I 1783 vart det fred og Storbritannia anerkjende USAs sjølvstende.

Kjelde: snl.no