Det tredje rike

Det tredje riket er eit omgrep som ofte blir brukt om Tyskland i åra 1933 til 1945. På 1100-talet handla Det tredje riket om noko religiøst. Etter Faderens rike (Gud) og Sønnens rike (Jesus) skulle framtida sjå Den heilage andes rike oppstå, som eit tredje rike. Men då nazistane tok makta i Tyskland i 1933, ønskte dei å skape Det tredje riket med Tyskland i sentrum. Det tysk-romerske riket (843-1806) var Det første riket, og keiserdømmet Tyskland (1871-1918) var Det andre riket.

Kjelde: snl.no