DNA

DNA inneheld oppskrifter som bestemmer korleis ein organisme skal sjå ut og fungere. Det kan til dømes vere fargen på ein blomst, eller blodtypen hos eit menneske. Desse oppskriftene kallar vi gen. Oppskriftene blir vidareførte (arva) frå ein generasjon til den neste. Derfor kan vi sjå likskapar mellom familiemedlemmer, og derfor vil kalven til ein elg sjå ut som ein elg.

Kjelde: snl.no