Dydar

Dydar er gode eigenskapar hos eit menneske, som ærlegdom, mot og rettferd. Ifølgje Aristoteles utviklar vi dydar ved å øve på gode handlingar over tid, slik at dei blir ein naturleg del av korleis vi er.

Døme på dydar kan vere:

  • å tore å seie frå når noko er urettferdig
  • å inkludere nokon som står utanfor
  • å halde det du lovar
  • å vere tolmodig når noko er vanskeleg
  • å innrømme feil og seie unnskyld
  • å hjelpe andre utan å vente noko tilbake