Fem viktige faraoar

Minst 170 faraoar herska i Det gamle Egypt frå starten på riket omkring 3100 f.Kr. Forteljingane om regjeringstidene deira held fram med å forbløffa. Vi høyrer om alt frå mektige steinpyramidar til blodige kampar om trona.  

Ramses II
cirka 1279–1213 f.Kr.

Ramses II herska over i Det gamle Egypt i 67 år, blei far til meir enn 166 barn med minst 100 koner, og ein trur han bygde fleire tempel enn nokon annan egyptisk konge. Under regjeringstida si grunnla han den nye egyptiske hovudstaden Per Ramessu ved dagens Qantir. 


Akhnaton
cirka 1353–1336 f.Kr.

Akhnaton var opphavleg kjend som Amonhotep IV og endra namn til ære for solguden Aton. Til forskjell frå andre faraoar som fekk seg sjølve skildra som fysisk perfekt, fekk Akhnaton avbilda seg i ein meir naturleg, menneskeleg stil. 


Hatshepsut
cirka 1479–1458 f.Kr.

Hatshepsut, ein av det få kvinnelege herskarane i Det gamle Egypt, gjorde mykje for å fremma fred og få tilbake internasjonale handelsavtalari si cirka 19-årige regjeringstid. Ho blir ofte avbilda iført eit seremonielt falskt skjegg – eit symbol på makta hennar som farao.  


Pepi II
cirka 2278–2184 f.Kr.

Pepi II tok over trona i Det gamle Egypt i ein alder av seks år då han etterfølgde halvbroren sin Merenre som døydde tidleg. Eit dokument frå det tredje hundreåret f.Kr. godskriv han med 94 års styre, men likevel manglar alle kjeldene etter det 62. året av regjeringstida hans.  


Khafre
cirka 2558–2532 f.Kr.

Det granittkledde tempelet til Khafre i Giza var ein gong smykka med 23 statuar av kongen og falkeguden Horus. Den store sfinksen i Giza, som ein trur blei reist av Khafre, er 73,5 meter lang og over 20 meter høg (det er over fem etasjar).