Fronesis – praktisk klokskap

Fronesis (praktisk klokskap) er evna til å vurdere kva som er rett å gjere i ein konkret situasjon. Det handlar om å bruke erfaring og god dømmekraft, ikkje berre følgje reglar, men forstå kva som passar best der og då.

Døme:
Du ser at ein venn blir erta. Du kan anten ignorere det, eller reagere veldig sterkt og laga ein stor konflikt. Med praktisk klokskap prøver du å finne ein god måte å handle på, til dømes å støtte vennen din og seie frå på ein roleg måte.