Genmodifisering

  1. Isoler DNA 
    DNA med den ønskte eigenskapen – for eksempel motstandsdyktigheit mot ugrasmiddel – blir isolert frå vertsorganismen. Vertsorganismen kan for eksempel vere ein spesiell type bakterie. 
  1. Klone genet 
    Det ønskte genet blir isolert slik at det kan klonast. Klonane blir nytta til å modifisere fleire planteceller.  
  1. Overfør genet 
    Genet kan overførast til plantecella ved hjelp av to forskjellige metodar: ein genpistol eller ein bakterie som blir kalla agrobacterium. Bakterien lever i jorda og smuglar genet inn i plantecella. 
  1. Nye skot 
    Dei modifiserte cellene blir dyrka i laboratoriet. No deler dei seg og dannar nye skot. 
  1. Vidare dyrking 
    Dei nye, modifiserte plantene kan dyrkast videre, og vi får dermed ei ny avling som lèt genet gå i arv til nye generasjonar. 
Illustrasjon av genmodifisering