Hebraisk kalender

Jødedommen har utvikla ei eiga tidsrekning. Verda sin alder blir rekna i talet på år frå verda vart skapt. Dette er ein fleire tusen år gammal tradisjon. Ifølgje jødane skjedde skapinga 3761 år før vår tidsrekning. Ifølgje den jødiske kalenderen begynner ein ny dag ved solnedgang den 1. tishrei. Det jødiske året 5783 vart innleidd ved solnedgang den 25. september 2022. Det jødiske året 5784 begynner ved solnedgang den 15. september 2023, og året 5785 blir innleidd ved solnedgang den 2. oktober 2024.

Kjelde: snl.no