Hemnporno

Hemnporno (frå engelsk «revenge porn») er å offentleggjere private bilde eller filmar av seksuell karakter av andre utan løyve. Dette er straffbart i Noreg, og ein kan dømmast for ærekrenking, brot på åndsverkslova og krenking av privatlivets fred. Ein kan bli idømt erstatningsansvar og få fengsel i inntil to år.