IP-adresse

Ei IP-adresse er ein serie med tal som identifiserer ein node i eit IP-nettverk som for eksempel internett. Kvar node i eit slikt nettverk har si eiga unike IP-adresse.

I IP versjon 4 er IP-adressa eit 32 bits tal. Adressa vert vanlegvis skriven som fire heiltal skilde med punktum, for eksempel: 194.248.14.151