Jainisme

Jainisme er ein indisk religion. Denne byggjer på ei lære om 24 menneske, tirthankaraer, som alle skal ha oppnådd å bli allvitande. Dei forkynte ei lære om frelse frå det vonde vi gjer mot andre (karma) og tru på at menneske blir fødde på ny etter døden (gjenfødsel). Ein jain er ein som følgjer denne læra. Målet er å overvinne alt begjær.

Kjelde: snl.no