Kol

Kol er ei svart, brennbar bergart med høgt innhald av karbon (60–100 prosent). Bergarta er hovudsakleg laga av restar frå plantar som veks i myrer, sumpar og skogar. Gjennom millionar av år har desse restane blitt begravne av sand og leire og omdanna til kol på grunn av høgt trykk og høg temperatur. Kol er ei ikkje-fornybar energikjelde. Kol blir sett på som den mest forurensande energikjelda i bruk i dag.

Kjelde: snl.no