Kommunisme

Kommunisme er sosialistisk politisk ideologi med felles grunnleggjande tankar rundt frigjeringa og fellesskapet til mennesket.  Kommunisme er tankar bygd på teoriar utvikla i fellesskap av Karl Marx (1818–1883) og Friedrich Engels (1820–1895). Av desse var Marx den viktigaste.

Tankane gjekk ut på frigjering frå all slags ytre tvang, frå lønnsslaveri og framandgjering. Målet er moglegheita mennesket har til å utfolde seg fritt. Det er vanleg å forbinde kommunistisk ideologi med likskap, men likskapskravet til kommunismen er meir eit middel og ein føresetnad for målet om fridom.

Kjelde: snl.no