Kvar er det størst fare for å bli treft av lyn?

Generelt lyner det mest om sommaren, derfor er det størst fare for å bli treft av lyn der det er sommar heile året, nemleg i Afrika – nærmare bestemt landsbyen Kifuka i Den demokratiske republikken Kongo. Kvart år er det meir enn 150 lynnedslag her, innanfor eit område på éin kvadratkilometer. Roy Sullivan budde ikkje i Kifuka, men han klarte likevel å bli treft av lynet ved sju ulike høve mens han jobba som parkvakt i nasjonalparken i Shenandoah i USA. Staten Virginia, der han budde, har mange tilfelle av lynnedslag kvart år, og sidan Sullivan jobba ute i fjella, var risikoen større for å bli treft.