Maktfordelingsprinsippet

Maktfordelingsprinsippet er grunnleggjande for den demokratiske modellen vi har i dag. Prinsippet blei lansert av filosofen Montesquieu. Han meinte nemleg at alle som har makt er tilbøyelege til å misbruka henne. Difor var det naudsynt med ein modell som hindra maktmisbruk.  

Maktfordelingsprinsippet byggjer på at eit demokrati har tre statsmakter: Stortinget, regjeringa og domstolane. Desse tre uavhengige institusjonane vaktar kvarandre slik at ingen av dei får moglegheit til å misbruka makta si.