Nussir-saka

Nussir ASA er eit gruveselskap som mellom anna vinn ut kopar. Nussir-feltet i Kvalsund vart oppdaga på slutten av 1970-talet og er Noregs største uutvikla koparførekomst.

I 2012 vart det vedteke at Nussir skulle få lov til å hente ut kopar frå området. Uttaket skal skje ved underjordisk drift, og avgangsmassane skal bli deponerte i Repparfjorden.

Dette har møtt stor motstand, både på grunn av samiske interesser og på grunn av miljøomsyn.

Kjelde: NRK