Offiser

Offiser er ein militær leiar. Vedkommande har ansvar for å leie soldatar i krig, men også trene i fredstid og jobbe med militær strategi. Offiserar er inndelte i ulike grader som viser kor stort ansvar dei har, og kven som bestemmer over kven. I Noreg har vi grader frå fenrik til general. Vi har offiserar i alle våpengreiner som hæren, marinen og luftforsvaret.

Kjelde: snl.no