Resistens

Resistens betyr å danne motstand mot. Stadig fleire bakteriar er no i ferd med å bli motstandsdyktige, resistente, mot dei antibiotika vi har til rådvelde. Det betyr at bakteriane har klart å endre seg slik at antibiotikumet har mista effekten sin og ikkje lenger drep eller hemmar bakteriane. Antibiotikaresistens er no eit alvorleg problem som spreier seg raskt og som er ei stor utfordring for helsevesenet.

Kjelde: snl.no