Same religion – ulike retningar

Å byte tru betyr ikkje alltid å gå frå éin religion til ein heilt annan. Av og til vel menneske ei anna retning innanfor same religion.
Til dømes kan ein kristen byte kyrkjesamfunn, som frå Den norske kyrkja til ei frikyrkje. Ein muslim kan følgje ei anna retning enn før, til dømes sunnimuslim eller sjia. Innan jødedom, buddhisme og hinduisme finst det også ulike retningar som legg vekt på ulike tradisjonar og reglar.
Trua kan vere den same, men måten ein lever den ut på kan vere ulikt.

Kort refleksjon:
Kvifor trur du det kan vere viktig for menneske å få velje korleis dei vil praktisere trua si?