Samfunnsteneste

Frivillig arbeid er ikkje løna, og det er noko du vel å gjere sjølv. Det finst òg ein annan type arbeid som ikkje blir løna, men som er ei straff. Viss du har gjort noko ulovleg, kan du i staden for bot eller fengsel bli dømt til gjere samfunnsteneste. Denne forma for straff blir som oftast benytta i tilfelle der personen aldri før har blitt straffa, eller personen er under 18 år.

Eit anna ord for det same er «samfunnsstraff». Straffen skal vere samfunnsnyttig arbeid som blir utført i fritida. For arbeidet får du ikkje løn, og i tillegg er du under tilsyn. Sluntrar du unna samfunnstenesten, kan du havne i fengsel.

Kilde: snl.no