Satire

Satire er ei uttrykksform der ein bruker humor for å kritisere andres dumskap, feil, manglar og haldningar. Satire kan vere personleg retta, men ofte retter han seg mot personar som berre er representantar for meiningar, idear og haldningar. Satire inneber derfor ofte ei form for samfunnskritikk.