Skadeprinsippet

Skadeprinsippet er tanken om at fridommen din berre kan avgrensast når det du gjer skader andre menneske. John Stuart Mill meinte at samfunnet ikkje skal bestemme korleis du lever, kva du meiner eller kva val du tek, berre fordi andre synest du tek dårlege val. Men viss handlingane dine går utover andre, kan det vere rett å setje ei grense.

Dette betyr at fridom ikkje er det same som å kunne gjere kva ein vil utan omsyn til andre. Du kan ha rett til å meine noko, men viss måten du uttrykkjer deg på skadar andres tryggleik, omdømme eller psykiske helse, blir spørsmålet eit anna. Då handlar det ikkje lenger berre om fridommen din, men også om andres rett til å sleppe skade.

For Mill var det derfor viktig å skilje mellom noko som berre er upopulært, provoserande eller annleis, og noko som faktisk skader andre. Det er ikkje alltid lett å vite kvar grensa går. Nettopp derfor utfordrar skadeprinsippet oss til å tenkje nøye gjennom konsekvensane av det vi gjer.

Døme: Du har rett til å seie kva du meiner. Men om du legg ut ein sårande kommentar om ein medelev på nettet, og det gjer at personen blir redd, lei seg eller hengd ut, kan ytringa di ha gått frå å vere fridom til å bli skade.