Sperregrense

Sperregrense er ei minimumsgrense for kor stor støtte eit politisk parti må ha for å få tildelt sete i parlamentet. I Noreg gjeld sperregrensa berre for utjamningsmandat. Desse mandata skal sørgje for at skeivheiter i representasjon blir utlikna etter at distriktsmandata er fordelte. Men ikkje alle parti kvalifiserer seg til å kjempe om utjamningsmandata. Ved stortingsval i Noreg må eit parti ha fire prosent eller meir av stemmene på landsbasis for å vere med i fordelinga av dei 19 utjamningsmandata.

Kjelde: snl.no