Studieførebuande utdanningsprogram

Det er fem studieførebuande utdanningsprogram. Alle legg mest vekt på teoretisk kunnskap. Mykje av undervisninga her liknar på det du er van med frå ungdomsskulen. Alle programma tar normalt tre år og gir deg det som heiter generell studiekompetanse. Du treng generell studiekompetanse for å studere på høgskular og universitet.

Kjelde: ung.no