Utilitarisme

Utilitarisme betyr at ei handling er rett om ho fører til mest mogleg lykke for flest mogleg menneske.

Du vurderer ikkje berre kva du vil, men kva som gir best resultat for flest. Det betyr at vi vurderer handlingar ut frå konsekvensane dei får, ikkje berre ut frå kva reglar som bør gjelde for alle, slik Kant seier, eller ut frå kva fører til ein best mogleg person, slik Aristoteles ville sagt.