Viktige egyptiske gudar

RA
Solguden

Ein trudde at Ra kvar kveld blei svelgd av Nut, himmelgudinna, og gjenfødd kvar morgon. Ra blir vanlegvis avbilda som ein falk med ei solskive på hovudet.   


HATHOR
Gudinna for kjærleik og glede

Hathor blei nokre gonger sett på som mora til faraoen og blei vanlegvis avbilda som ei kvinne med hovudpynt av horn og solskive. Øyro eller hovudet kunne ofte sjå ut som om dei høyrde til ei ku. 


Horus
Himmelguden

Som himmelguden var Horus også kjend som han som verna og herska over Det gamle Egypt. Horus blei vanlegvis avbilda som ein mann med falkehovud og ofte iført den doble krona til Øvre og Nedre Egypt. 


Anubis
Guden for balsamering og dei døde 

Ein trudde at Anubis vakta over dei døde, rettleia og verna dei under reisa inn i etterlivet.