Vilkår for ekteskap i Noreg

  • To personar av motsett eller same kjønn kan inngå ekteskap.
  • Personar under 18 år kan ikkje inngå ekteskap.
  • Ekteskap kan ikkje inngåast mellom slektningar i rett opp- eller nedstigande linje eller mellom søsken.
  • Så lenge tidlegare ekteskap eller registrert partnarskap består, kan ein ikkje gifte seg på nytt, sjå bigami.
  • Ekteskap kan berre inngåast mellom personar som har lovleg opphald i landet.
  • Brudeparet må kvar for seg erklære på ære og samvit at ekteskapet er inngått av eigen fri vilje, og anerkjenne at begge har lik rett til skilsmisse.
  • Sjukdommar er ikkje til hinder for at ein inngår ekteskap. Men om ein lid av ein smittefarleg sjukdom som kan overførast ved seksuell omgang, kan vigsle ikkje finne stad utan at den andre parten er gjort kjend med sjukdommen, og begge har fått munnleg rettleiing av ein lege om farane ved sjukdommen.
  • Den som er under verjemål, må ha samtykke av verje for å inngå ekteskap.
  • Ein som har vore gift tidlegare, kan ikkje inngå nytt ekteskap før det er godtgjort at nødvendig skifte er utført eller innleidd.

Kjelde: snl.no