Virus

Virus er veldig små mikroorganismar. Sjølv om dei har eige arvemateriale, som DNA, så klarer dei ikkje å formeire seg sjølve. Dei er avhengige av ei anna celle til å gjere den jobben, ei vertscelle. Virus kjem inn i vertscella og puttar arvematerialet sitt, altså DNA, inn i vertscella sitt DNA. Det gjer vertscella til ein slags virusfabrikk. Til slutt vil vertscella sende ut ein haug nye virus som infiserer nye celler, som blir til nye fabrikkar.

Kjelde: Tuva Fellmann og Trine Aarvold