Yrkesfaglege utdanningsprogram

Det er ti yrkesfaglege utdanningsprogram som gir yrkeskompetanse (fagbrev eller sveinebrev). Yrkesopplæringa er meir praktisk enn det du er van med frå ungdomsskulen. Vanlegvis går du dei to første åra på skule og har teoretisk og praktisk undervisning. Etter det har du arbeidspraksis i bedrift. Det blir kalla læretid. Når du har vore lærling i to år, kan du gå opp til fagprøve eller sveineprøve. Når du har bestått fag- eller sveineprøva, er du ferdig utdanna i eit yrke.

Kjelde: ung.no