Tankeeksperiment:

Tenk deg ei verd utan olje!

I 1859 vart amerikanaren Edwin Drake den første som bora etter olje i bakken. Sidan den gongen har verda vore heilt avhengig av dette svarte klisset som finst både på landjorda og på havbotnen. Det er utvunne meir enn éin billion (1000 000 000 000) fat olje, men kva om verda ikkje hadde hatt meir olje?

Oljeplattform i sjøen
Oljeplattform i sjøen

Drivstoff

På slutten av 1800-talet kom dei første bilane med bensinmotor. Sidan den tid har vi brukt ufatteleg mange liter med bensin, diesel og olje for å få fart på bilar, fly, tog og trailarar. Tidleg på 1900-talet vart elektriske bilar eit reelt alternativ, men frå midten av 1990-talet vart el-bilar meir og meir vanlege.

  • Kvifor er det framleis mange som kjøper bensin- og dieseldrivne bilar?
  • Kva vil skje med flytrafikken viss det blir slutt på drivstoff laga av olje?
En fyller bensin på bilen sin
En fyller bensin på bilen sin

Transport

Tenk på all maten, alle kleda og alle elektriske apparat som blir frakta rundt i heile verda. Det er eit enormt nettverk av lastebilar, skip og fly som fraktar varer over landegrensene og frå by til by. Drivstoffet dei er avhengige av, er for det meste laga av olje.

  • Kvifor går ikkje transportnæringa over til elektriske bilar og fly?
  • Kva hadde skjedd med varehandelen om transportnæringa hadde stoppa heilt opp?
en lastebil parkeringsplass
en lastebil parkeringsplass

Økonomi

Det er veldig mange menneske som jobbar innanfor oljenæringa, og i mange land er olje ei av dei viktigaste inntektskjeldene. For Noregs del hadde vi ikkje klart oss like godt utan. Oljen har gitt oss enorme verdiar og har gjort Noreg til eit av dei rikaste landa i verda.

  • Kva hadde skjedd med Noregs økonomi viss ingen lenger kunne jobbe i oljenæringa?
  • Kvifor er olje med på å skape konfliktar mellom land?
Flere stabler med mynter.
Flere stabler med mynter.

Arbeidsløyse

Det hadde blitt enorm arbeidsløyse over heile verda viss oljen tok slutt. Tenk deg kor mange som jobbar innanfor oljenæringa. Anten dei jobbar på oljeplattform, produserer bensin og diesel på oljeraffineri, byggjer oljeplattformer, transporterer drivstoff eller jobbar på bensinstasjonar.

I 2019 var det cirka 200 000 menneske i Noreg som arbeidde i oljerelaterte yrke. Korleis skulle vi klart å gje alle desse ny jobb viss oljen tok slutt?

En mann sitter utenfor jobben han akkurat har mistet
En mann sitter utenfor jobben han akkurat har mistet

Matforsyning

Dei som produserer og sel mat er ganske avhengige av transportmiddel som bruker bensin eller diesel. Det er ikkje altfor mange trailarar og lastebilar som går på straum. Kvifor ikkje, trur du? Korleis hadde folk reagert viss butikkane begynte å bli tome for matvarer?

  • Kva for nokre matvarer trur du butikkane først hadde gått tome for?
  • Kor avhengige er vi av varer som kjem frå andre land?
  • Kva måtte du klart deg utan viss varetransporten frå utlandet stoppa opp?
Tomme butikkhyller med kun noen pakker med kjøtt igjen
Tomme butikkhyller med kun noen pakker med kjøtt igjen

Kraftforsyning

Det blir ei like stor krise viss vi ikkje finn meir kol, for 40 prosent av straumen i verda kjem frå kolkraftverk. Toga som tidlegare frakta kol, går ikkje lenger. Store sjukehus har reservegeneratorar, men dei er drivne med diesel – desse er òg avhengige av olje. Straumstans og straumrasjonering vil bli innført, og straumprisane vil skyte i vêret .

  • Korleis ville kvardagen din sett ut viss du berre hadde straum nokre timar i døgnet?
  • Kva hadde du prioritert?
En stor by uten lys
En stor by uten lys

El-bilar

Ei verd som er bygd for bilar, har blitt avhengig av å finne alternativ til bensin og diesel. Ikkje berre på grunn av klimaet, men òg  fordi vi ein dag går tom for olje.

Av dei 3 millionar bilane vi hadde i Noreg i 2021, var 400 000 elektriske.

  • Kva trur du skal til for at enda fleire vel å kjøpe elektrisk bil?
  • Kor langt inn i framtida tenkjer du vi må før det ikkje finst fleire bensin- og dieseldrivne bilar?
El-biler lader
El-biler lader

Drivstoff eller mat?

Mange bilmotorar kan drivast på matolje, både ny og brukt. Nokre stader i verda bruker ein andre råstoff for å lage drivstoff, til dømes raps, korn og mais.

Drivstoffet blir kalla HVO (hydrert vegetabilsk olje – eller fornybar diesel) og kan erstatte diesel. Fleire selskap i Europa samlar i dag inn matolje frå restaurantar, storkjøkken og skular.

  • Kva trur du er fordelane med å bruke HVO?
  • Er det riktig å bruke mat som drivstoff?
En dame heller olje i stekepannen
En dame heller olje i stekepannen

Plast

Men drivstoff er ikkje det einaste problemet, for sjukehus kan gå tome for ting som blir laga av olje. Nokre døme er gummihanskar, legemiddel, vaselin og plastfrakkar.

  • Sjukehusa vil mangle ein del plastprodukt som dei har i dag. Kva for nokre konsekvensar vil dette få?
  • Sjå på kva du bruker som er laga av plast. Kva kan du erstatte dette med?
To leger finner legemidler
To leger finner legemidler

Slutt på krig?

Dei siste store verdskrigane viste at kampen om ressursar var viktig. Noko av formålet med krigane var å sikre seg ressursar som olje, jern og andre viktige råvarer. Det var umogleg å drive krigføring utan olje og jern. Framleis er mange land heilt avhengige av å både selje og kjøpe olje og gass. Desse er ressursar det kan oppstå krig for å sikre seg. Dette er noko av bakgrunnen for konflikten mellom Russland og Ukraina i 2022.

  • Kan vi framleis føre krig utan olje?
  • Kvifor er olje så viktig i krigføring?
Kamuflasjefarget bakgrunn.
Kamuflasjefarget bakgrunn.

Kva kan vi leve av etter oljen?

Då Noreg fann olje i Nordsjøen på 1960-talet, forandra det alt. Vi vart eit av dei rikaste landa i verda, og vi har klart oss gjennom økonomiske kriser. Ikkje minst under koronapandemien.

Korleis kan Noreg skaffe store inntekter etter oljen? Det er det mange som forskar på, og dei har komme med fleire spennande løysingar. Nokre av desse er å selje straum til utlandet basert på vindkraft, eller å produsere batteri til elektriske bilar.

  • Kva for nokre andre næringar tenkjer du Noreg bør satse på for å skape arbeidsplassar og inntekter i framtida?

Kjelder:

  • Gundersen, Nils; Lundberg, Nils H.; Norsk Oljemuseum: petroleum i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2022 frå https://snl.no/petroleum

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images