Det magiske nordlyset

Før trodde folk at nordlyset var ein slags portal mellom vår verd og Åsgard, som var gudane sitt rike. Men kva er det eigentleg?

Accessibility icon Det magiske nordlyset

Lyden av nordlyset

Det er vinter og midt på natta. Over himmelen fer eit lys. Lyset er gult, grønt og kvitt. Det rører på seg. Kan du høyre at det knitrar? Kva er eigentleg nordlyset?

Den mytiske forklaringa

Ei mytisk forklaring er ein teori som fortel kvifor ting er som dei er. Men ein kan ikkje bevise teorien.

Ein ting er sikkert: Menneska har alltid vore opptekne av nordlyset.

Sør i Frankrike finst det teikningar av nordlyset inne i ei hole. Teikningane er 30 000 år gamle. Dei eldste forteljingane om nordlyset er frå Kina. Historiene er 4 000 år gamle. I antikken (700 f.Kr.-500 e.Kr.) trudde ein at nordlyset var eit teikn frå gudinna Aurora. Namnet tyder soloppgang.

Lyset likna ei vogn. Ein trudde vindane dytta vogna framover. Det greske ordet for vind er “borea”. Nordlyset fekk derfor namnet aurora borealis.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bilde av nordlys i Lofoten
Bilde av nordlys i Lofoten

Nordlyset i Noreg

Kongsspegelen er ei norsk bok. Ho vart skriven på 1200-talet. Her står det at nordlyset er ei bru. Brua gjekk mellom Midgard og Åsgard. Midgard var der menneska budde. Åsgard var der gudane budde.

Mange trudde at nordlyset hadde farlege krefter og var ein flokk vonde vette. Ein slik flokk vart kalla Åsgardsreia. Denne flokken kunne rive levande menneske med til dødsriket.

“Åsgard” var heimen til åsane eller vetta. Viss du plystra på dei, kunne dei komme og og ta deg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Åsgårdsreia
Åsgårdsreia

Frå tru til vitskap

Nordlyset oppstår på himmelen nær Nordpolen. Området vert kalla “Nordlysovalen”. Denne kan endre seg og er påverka av sola sin aktivitet, tida på døgnet og jorda sitt magnetfelt. Rundt Sørpolen vert fenomenet kalla sørlys.

Edmond Halley (1656-1744) var ein engelsk forskar som ville forklare kva nordlyset eigentleg var. Kristian Birkeland (1867-1917) var ein norsk forskar som seinare laga ein moderne nordlysteori.

Birkeland forklarte at nordlys oppstår når elektrisk ladde partiklar frå sola møter jordatmosfæren. Partiklane strøymer ut frå flekkar på sola og blir dregne ned mot jorda sine magnetfelt ved polane. Dei kolliderer med gassar i atmosfæren som så dannar lys.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sørlys (Aurora australis) i New Zealand
Sørlys (Aurora australis) i New Zealand

Lyden av lyset

Når partiklane frå solvinden treffer magnetfeltet rundt jorda, vert det danna elektromagnetiske bølgjer kalla radiobølgjer. Lyden av desse kan fangast opp på spesielle radioar. På samisk vert nordlyset kalla “lyset ein kan høyre”.

Før trudde mange at nordlyset var farleg, men ikkje idag. Framleis veit vi ikkje alt om nordlyset. Både i Tromsø og Alta forskar ein stadig på fenomenet.

Nordlys, Island
Nordlys, Island

Kjelder:

  • Næss, Ellen Marie: Midgard i Store norske leksikon på snl.no. Henta 15. november 2021 frå
    https://snl.no/Midgard

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Peter Nicolai Arbo (CC BY 4.0)
    4. Getty Images
    5. Getty Images