Fann DNA i dinosaurbein

 

Forskarar har enno ikkje funne DNA-et dei treng for kloning av dinosaurar. Men dei har funne bittesmå delar av eit DNA i dinosaurbein. Det er ikkje kjent om dette er dinosaur-DNA, eller om det tilhøyrer ei anna livsform.

Paleontologar er ekspertar på eldgammalt liv. Dei analyserer dinosaurfossil for å finne til dømes blodårar. Det er gjort funn av dette i ein 80 millionar år gammal dinosaur med andenebb.

Kva blir kravd eigentleg for å klone ein utdøydd dinosaur?

📷  Paleontolog studerer eit dinosaurfossil.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Paleontolog studerer dinosaurskjellet
Paleontolog studerer dinosaurskjellet

Kor lenge overlever DNA?

 

Forskarar treng DNA for å klone dinosaurar, men DNA begynte å rotne i same augneblinken som organismen døyr. Vidare kan oksygen og vatn øydeleggje DNA-et. Alt dette bryt ned DNA-et til mindre og mindre delar heilt til det ikkje er noko igjen.

Det eldste DNA-et som er funne, tilhøyrer ein 700 000 år gammal hest i Canada.

Det er framleis uklart kor lenge DNA kan overleve. Forskarar har sagt at DNA kan overleve i opptil ein million år, men definitivt ikkje meir enn fem eller seks millionar år. Det er ganske mykje kortare enn for 65 millionar år sidan, då ein asteoride dundra inn i jorda og drap alle dinosaurar som ikkje kunne flyge.

Det er ingen vits å håpe på ei Jurassic Park-løysing. I storfilmen frå 1993 fann forskarar dinosaur-DNA i ein gammal mygg fanga i rav. Men rav vernar ikkje DNA spesielt bra.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Klone ein dinosaur

 

Som eit tankeeksperiment kan vi sjå for oss at forskarar har funne eit fullstendig dinosaur-DNA. Neste steg er å finne eit dyr som kan bere fram avkommet. Det ville truleg måtte vere  ein fugl, sidan dei er etterkommarar av dinosaurane. Men ein mamma-fugl er langt unna ein mamma-dinosaur.

La oss seia at mora på eit eller anna vis greidde å føde denne skapningen. Resultatet ville ha vore halvt fugl, halvt dinosaur. Men kunne dette dyret verkeleg overleve i dagens klima?

Innhaldet av karbondioksid og oksygen i lufta er annleis no enn for 66 millionar år sidan. Temperaturen er annleis, og menyen måtte endrast drastisk. Dinosaurane var utvikla til å bryte ned dinosaurprotein eller plantar frå denne epoken, og ikkje frå vår tids plante- og dyreliv.

Ville du hatt desse dyra i nabolaget ditt?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gutt klapper dinosaur
Gutt klapper dinosaur

Kjelder:

  • Dinosaurenes verden (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images