Dinosaur-DNA

 

Når menneske eller dyr får barn, blir det  overført noko frå foreldra til barnet. Vi kallar dette DNA eller arvestoff. Derfor kan barn likne foreldra sine, og ein kalv ser ut som ei ku.

 

Forskarar har enno ikkje funne DNA frå ein dinosaur. Derfor kan vi heller ikkje klone (lage) ein ny dinosaur.

Paleontologar er ekspertar på dyr som levde for millionar av år sidan. Dei undersøkjer fossil for å finne ut meir om dinosaurane. Fossil er restar etter gamle dyr som har vorte til stein.

Kva treng vi eigentleg for å klone ein utdøydd dinosaur?

📷  Paleontolog studerer eit dinosaurfossil.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Paleontolog studerer dinosaurskjellet
Paleontolog studerer dinosaurskjellet

Kor lenge overlever DNA?

 

Forskarar treng DNA for å klone dinosaurar. Problemet er berre at DNA begynner å rotne i same augneblinken som eit dyr døyr.

Vi veit ikkje kor lenge DNA kan overleve. Forskarar trur at det kan overleve opptil ein million år. Det eldste DNA-et som er funne, tilhøyrer ein 700 000 år gammal hest.

Dinosaurane levde for over 60 millionar år sidan. Er det då mogleg å finne DNA, trur du?

Det er nok ikkje mogleg å klone dinosaurar slik dei gjer i “Jurassic Park”-filmen. Her finn dei DNA i mygg frå dinosaurane si tid. Myggen vart i si tid fanga  i ein klump med rav. Det er kvae frå tre. Men rav vernar ikkje DNA spesielt bra.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Klone ein dinosaur

 

Tenk deg at forskarar har funne dinosaur-DNA. Då treng dei eit dyr som kan føde ein ny dinosaur. Mest sannsynleg måtte dette vere ein fugl. Fuglane er nemleg etterkommarar av dinosaurane.

Det er uvisst om fuglen ville klare å føde ein ny dinosaur. Korleis ville han ha sett ut? Halvt fugl og halvt dinosaur? Men kunne dette dyret verkeleg overleve i dagens klima?

Lufta er heilt annleis no enn for 66 millionar år sidan. Temperaturen er òg annleis. Hadde dinosaurane klart å ete dagens dyr og plantar?

Ville du hatt desse dyra i nabolaget ditt?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gutt klapper dinosaur
Gutt klapper dinosaur

Kjelder:

  • Dinosaurenes verden (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images