Bli kjenD med …

Pteranodon

Ei flygeøgle som la egg og gjekk på alle fire når ho var på land. Flygeøglene var i nær slekt med dinosaurane.

Pteranodon
Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Flygeøglene varierte mykje i storleik og utsjånad. Felles for dei var at kroppen var tilpassa å flyge. Derfor var framføtene omdanna til vengjer.

Dei tre første fingrane var frie og hadde klør. Den fjerde var ekstra lang, medan den femte var veldig liten. Vengjen bestod av ein hudflate som var spent ut mellom kroppen, over- og underarmen og den fjerde fingeren.

Dei største flygeøglene hadde eit vengjespenn på 12 meter og vog 200–250 kilo.

Mange av dei hadde ulike utvekstar på hovudet. Dette var antakeleg for å tiltrekkje seg ein partnar. Hovudet var ganske lite med store auge og lange kjevar. Dei hadde ein ganske stor hjerne.

Flygeøglene hadde ikkje skjelete hud, med eit mogleg unntak for beina og fotsolane. Derimot var dei kledde med ein slags fjør.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pteranodon
Pteranodon

Levevis

Flygeøgler levde både i skog, ørken, ved innsjøar og ute på det opne havet. Nokre åt insekt, medan andre åt kjøt, fisk og småkryp frå vatnet.

Flygeøglene kunne flyge i lang tid og over lange strekningar. Når dei ikkje flaug, gjekk eller klatra dei på alle fire beina. Flygeøglene la egg, og ungane vart klekte med fullt utvikla vengjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pteranodon
Pteranodon

Kjelder:

  • Hoel, Ole Andreas; Delsett, Lene Liebe: Flygeøgler Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 19 frå https://snl.no/Flygeøgler

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images