Bli kjenD med …

Pteranodon

Dei la egg og gjekk på alle fire når dei var på land. Flygeøglene var i slekt med dinosaurane.

Pteranodon
Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Flygeøglene var både store og små. Men dei kunne alle fly. Framføtene deira fungerte som vengjer.

På kvar veng hadde flygeøgla tre fingrar med klør. Vengjene bestod av hud som var spent ut mellom kroppen og armane.

Dei største flygeøglene hadde eit vengjespenn på 12 meter. Dei kunne vege 250 kilo.

For å imponere andre flygeøgler hadde dei ulike utvekstar på hovudet. Elles var hovudet ganske lite med store auge og lange kjevar. Dei hadde ein ganske stor hjerne.

Flygeøglene hadde ikkje skjelete hud, bortsett frå på beina. Dei var i staden kledde med ein slags fjør.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pteranodon
Pteranodon

Levevis

Flygeøglene levde både i skog, ørken, ved innsjøar og ute på havet. Nokre åt insekt, medan andre åt kjøt, fisk og småkryp.

Dei kunne flyge veldig lenge! Når dei ikkje flaug, gjekk dei på alle fire. Dei kunne òg klatre. Når dei la egg, vart ungane klekte med ferdige vengjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pteranodon
Pteranodon

Kjelder:

  • Hoel, Ole Andreas; Delsett, Lene Liebe: Flygeøgler Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 19 frå https://snl.no/Flygeøgler

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images