Ramadan – ei tid for sjølvkontroll og ofring

Ramadan er ein viktig månad for muslimar over heile verda. Det er fastemånaden til muslimane der dei avstår frå mat, drikke og sex i 30 dagar. Når månaden er over, feirar dei id, som er den store høgtidsdagen til muslimane.

Accessibility icon Ramadan – ei tid for sjølvkontroll og ofring

Ramadan
– den fjerde søyla i islam

Å faste når det er ramadan er ein av fem viktige reglar i Islam. Desse reglane blir kalla Dei fem søylene i islam.

Ramadan er ein heilag månad der ein ikkje skal ete eller drikke før sola går ned. Etter 30 dagar med faste kjem ein stor fest som blir kalla id.

Når sola har gått ned, møtest familien for å ete saman. Når ein ikkje kan ete eller drikke heile dagen, kjenner ein korleis det er å vere fattig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel

Ramadan i alle årstider

Kalenderen som blir brukt i store delar av verda, har 365 dagar. Året i den islamske kalenderen er 11 dagar kortare. Ramadan startar derfor tidlegare kvart år. Sidan han bevegar seg kvart år, kan Ramadan vere i alle årstider.

Ramadan på den nordlege halvkula

Det kan vere 20 timar dagslys om sommaren i dei nordlegaste landa. Lengst nord står sola så høgt på himmelen om sommaren at ho aldri går ned. Dette blir kalla midnattssol.

På vinteren er det motsett. Det er færre timar dagslys di lenger nord du kjem, og nokre stader er det mørketid. Då står ikkje sola opp i det heile.

Alternative løysingar

Når det er så ulik lengde på dag og natt i nord, må ikkje muslimar følgje den lokale solgangen under Ramadan. Nokre følgjer solgangen i den heilage islamske byen, Mekka. Andre brukar solgangen frå andre stader. Ei gruppe norske muslimar har laga ein tidstabell som muslimar i dei nordlegaste delane av Europa, Russland, USA og Canada, kan bruke.

📷  Midnattssol i Noreg
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Midnattssol på Nordkapp i Finland
Midnattssol på Nordkapp i Finland

Ein bryt fasta saman

Når det er ramadan, drar mange på besøk til kvarandre om kvelden.

Mange bryt fasta med dadlar og drikk vatn eller mjølk. Etterpå et dei ein god middag saman.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Muslimsk familie som har iftar sammen under Ramadan
Muslimsk familie som har iftar sammen under Ramadan

Tid for gode samtaler

Under ramadan snakkar familie og venner mykje saman, og alle prøver å vere litt ekstra snille. Dei som er uvenner, prøver å bli venner igjen.

Å faste

Å faste kan vere sunt for kropp og sjel. Du kan få betre helse og sterk vilje og disiplin. Du styrkjer òg tru og samhald.

Alle må ikkje faste

Alle må ikkje faste under ramadan. Barn og eldre, sjuke, gravide og mødrer som ammar, slepp å faste. 

Sjølv om du ikkje fastar sjølv, er du med på ramadan når du gir pengar til fattige og hjelper resten av familien din. Prøv å vere så snill du kan.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gravid muslimsk kvinne poserer foran solnedgangen
En gravid muslimsk kvinne poserer foran solnedgangen

Muslimsk identitet

Å faste når det er ramadan, er viktig for muslimar. Når alle muslimar fastar samtidig, opplever dei eit fellesskap anten ein er fattig eller rik, gammal eller ung, og uansett kvar ein bur.

Collage av mange mennesker
Collage av mange mennesker

Fasting har lange tradisjonar

Fasting finst i mange ulike religionar og filosofiar. Arabarar i Midtausten praktiserte fasting før islam vart til.

Profetar og andre heilage menn gjekk ut i ørkenen for å faste og meditere for å oppnå åndeleg innsikt. Det var nettopp slik Koranen vart openberra for profeten Muhammad.

Ørkensolnedgang i Midtøsten
Ørkensolnedgang i Midtøsten

Korleis ønskje nokon ein god Ramadan?

Den vanlegaste helsinga er Ramadan Mubarak! Det betyr «god ramadan» eller «velsigna ramadan». Du kan òg ønskje nokon ein sjenerøs ramadan ved å seie Ramadan Kareem.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Adobe Stock

    2. Adobe Stock

    3. Adobe Stock

    4. Adobe Stock

    5. Adobe Stock

    6. Adobe Stock

    7. Getty Images

    8. Getty Images