Stillingsannonsanes verd

Ønskjer du deg ein jobb?
Kanskje du allereie har gått ei stund og tenkt at du har lyst til å prøve deg i arbeidslivet? Mange søkjer den første jobben sin medan dei framleis går på skule. Det kan vere ein helgejobb eller ein kveldsjobb du har nokre gonger i veka. Kanskje du er heldig og kjenner nokon som kan skaffe deg ein slik jobb? Men mange må leite blant stillingsannonsar på nett eller i avisa.

Les annonsen nøye
Viss du finn ein stillingsannonse med ein jobb du har lyst på, bør du lese han nøye. Alle slike annonsar inneheld ei skildring av kva arbeidsgivaren kan tilby deg, og kva du må kunne for å få jobben. Leit til du finn ein annonse som du synest passar godt til akkurat deg.

Forstå oppgåvene i jobben
Spør deg sjølv om dette er ein jobb du trur du kan meistre og trivast i. Er det ein jobb du kan dra nytte av i utdanninga di, eller er det ein jobb du søkjer på berre fordi du treng litt ekstra pengar? Kanskje du får moglegheit til å jobbe med noko du brenn for?

Kva er du god til?

Tenk på kva du er god til før du begynner å søkje jobb. Er du ein kreativ problemløysar? Er du flink til å snakke med folk? Har du ei interesse du kan få brukt i den nye jobben? Prøv å finne annonsar som passar til interessene og ferdigheitene dine, då er det større sjanse for at du lykkast med jobbsøkinga.

Skriv ein god søknad

Ta deg god tid når du skal skrive søknaden. Les annonsen endå ein gong for å vere sikker på at du har forstått kva arbeidsgivaren er ute etter. Skriv ein søknad som viser kven du er, og som forklarer kvifor akkurat du er rett personen for jobben. Hugs at søknaden din må skilje seg ut blant alle dei andre søknadene arbeidsgivaren får.

Når du er fornøgd med innhaldet i søknaden, er det viktig å lese han fleire gongar for å luke ut eventuelle skrivefeil. La gjerne nokon du stolar på lese kva du har skrive og komme med råd før du sender søknaden til arbeidsgivaren. Viss du er nøye og skriv ein god søknad, er sjansen større for at du blir innkalla til intervju.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En mann står å ser på masse fysiske stillingsannonser i en hylle
En mann står å ser på masse fysiske stillingsannonser i en hylle

Korleis får du draumejobben?

Når du leiter etter draumejobben, er det viktig å vite at arbeidsgivarar ser etter to eigenskapar hos dei som søkjer. Det første er faglege kvalifikasjonar, det andre er personlege eigenskapar. Vi skal forklare litt nærmare kva det betyr. 

Faglege kvalifikasjonar

Faglege kvalifikasjonar er det du har lært på skulen eller i jobbar du har hatt før. Du kan til dømes ikkje jobbe som lege utan å ha gått på skule i mange år.

Nokre gongar er ikkje eit vitnemål eller fagbrev like viktig. Viss du har relevant erfaring, altså har jobba med noko i mange år, kan du vere like flink som ein som akkurat har teke fagbrev.

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar, det som gjer deg til den personen du er, er like viktig for en arbeidsgivar. Døme på personlege eigenskapar kan vere: 

  • at du er flink til å samarbeide, slik at du kan jobbe godt i eit team.
  • at du er sjølvgåande, slik at andre ikkje treng å fortelje deg kva du skal gjere heile tida.
  • i nokre yrke er det viktig å vere serviceorientert og fleksibel. Det betyr at du er flink til å hjelpe folk og kan tilpasse deg sjølv om kunden din er vanskeleg eller noko ikkje går som planlagt.

Kva vil ein arbeidsgivar eigentleg ha?
Det finst enkelte personlege eigenskapar som mange arbeidsgivarar ser etter hos deg som arbeidstakar. 

No skal vi sjå nærmare på nokre av dei viktigaste tinga du bør kunne for å bli ein ettertrakta person på arbeidsmarknaden.  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En jente jobber på en kafe
En jente jobber på en kafe

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!