Verdas største bibliotek!

Du er van med å søkje på internett – verdas største bibliotek. Du kan lett finne ut kva som skjer i verda. Korleis klarte dei seg utan internett før? Kvar fann dei svar då?

Stor gammel bokhylle med mange gamle bøker.
Stor gammel bokhylle med mange gamle bøker.

Tilgang på informasjon

Før i tida lærte ein nye ting ved at nokon fortalde historier. Dei vart seinare skrivne ned. Det vart laga få bøker fordi det vart dyrt og tok mykje tid. Bøkene vart verdifulle. Det var få som kunne lese og skrive.

Sokrates likte ikkje skrift

Visste du at den kloke, greske filosofen Sokrates ikkje likte bøker? Han meinte det ville bli vanskeleg å forstå teksten utan hjelp. Kanskje ville vi ikkje klare å lytte eller snakke saman meir, og evna til å hugse ville døy ut? Er det derfor det ikkje er nokon skriftlege kjelder etter han?

Det er 2500 år sidan Sokrates levde. Tankane hans var kanskje rare. Likevel  har vi litt av det same problemet i dag. Vi finn mykje på nett som vi ikkje er sikre på. Treng vi eigentleg lærarar? Eller kan vi forstå og vurdere all informasjon kritisk sjølve?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Klassisk statue av Sokrates sittende fra siden
Klassisk statue av Sokrates sittende fra siden

Eit leksikon i kvar heim

For nokre tiår tilbake sidan fann ein svar på biblioteket. Og nesten alle eigde eit leksikon –  bøker med informasjon om det meste. Orda var ordna alfabetisk. Folk flest trudde at det som stod i leksikonet, var sant og riktig. Men var det eigentleg sånn?

I dag er internett det største biblioteket i verda. Leksikonet gav deg eitt svar. Internett gir deg millionar av svar. Det er ei utfordring at det blir lasta opp meir kvart minutt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En datamaskin står foran bokhyller
En datamaskin står foran bokhyller

Informasjon er makt

Informasjon gir makt. Nokre styresmakter sensurerer og vel kva befolkninga får vite. Dei stengjer heile eller delar av internett. 

Somme forstår at leiarane eigentleg sensurerer nyheiter. Det kan føre til store protestar og i verste fall krig. Leiarane kan bestemme seg for å stengje sosiale medium. Det hindrar befolkninga i å spreie kunnskap eller planleggje opprør.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann sitter foran en pc-skjerm som viser ordet Blocked i rødt
En mann sitter foran en pc-skjerm som viser ordet Blocked i rødt

Ei gullgruve med informasjon?

Du kan lett sjå talet på sider i ei bok når du har ei bok i handa, ikkje sant? Søkjer du på nett, er det nærast umogleg å vite når sidene sluttar. Lenkjer fører oss til nye sider og artiklar. Det tek masse tid og kan kjennast overveldande.

Du kan lett drukne i det som kan vere ei gullgruve til informasjon. Derfor er det viktig å lære å finne det vi leitar etter.

Internett er fullt av informasjon. Vi kan bruke mykje tid på søkje. Då blir det ineffektivt. Vi må lære oss å bruke nettet effektivt. Du kan ikkje ha som mål å komme gjennom det største biblioteket i verda!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mange store gullklumper som ligger på et rustikk bord.
Mange store gullklumper som ligger på et rustikk bord.

Kjelder:

  • Moseid, Tone Eli; Redse, Torill; Gjersdal, Aud: bibliotek i Store norske leksikon på snl.no. Henta 1. juni 2022 frå
    https://snl.no/bibliotek
  • Fossheim, Hallvard: Sokrates i Store norske leksikon på snl.no. Henta 1. juni 2022 frå https://snl.no/Sokrates

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images