Den usynlege ryggsekkken din
Tenk at du har ein usynleg ryggsekk som du har med overalt. Han inneheld ikkje bøker eller mat, men verdiane og haldningane dine. Dei fortel deg kva som er rett og gale. Dei hjelper deg å velje korleis du skal oppføre deg.
Kva er verdiar?
Verdiar er dei viktige tankane dine. Dei viser kva som betyr mest for deg, som ærlegdom og vennskap. Dei styrer kva du gjer og viser kven du er.
Viktige verdiar:
- Vennskap: Du synest det er viktig å ha venner og vere ein god venn.
- Ærlegdom: Du held det du lovar og snakkar sant.
- Mot: Du står fast på det du trur på.
- Respekt: Du behandlar andre godt.
Kva er haldningar?
Haldningar er korleis du føler og tenkjer om ting rundt deg. Dei kan være gode eller dårlege. Dei påverkar kva du gjer og seier.
Viktige haldningar:
- Å vere open for læring: Du er nysgjerrig og vil lære nye ting.
- Å vere optimist: Du ser det gode i situasjonar.
- Å vere tolerant: Du aksepterer andre som dei er.
- Å ha sjølvdisiplin: Du jobbar hardt for å nå måla dine.

En jente står på rommet sitt med en sekk på ryggen som ser magisk ut
Kva verdiar og haldninger gjer
Verdiar og haldningar styrer mykje.
Dei hjelper deg med å velje korleis du skal oppføre deg. Dette påverkar korleis du har det med venner og familie og kor bra det går på skulen. Dei hjelper deg til og med å velje kva du vil gjere i framtida.
Påverkar vennskap
Gode verdiar som ærlegdom og respekt gjer at folk liker deg godt. Dette kan gi deg betre og sterkare vennskap.
Gjer deg glad og fornøgd
Når det du gjer, passar med det du trur på, føler du deg betre.
- Viss du lever etter gode verdiar, byggjer du opp di eiga sjølvkjensle.
Hjelper mot stress
- Verdiar som sjølvdisiplin gjer at du kan handtere vanskelege tider betre.
- Verdiar som vennskap hjelper deg å føle at du passar inn, og dette gjer deg mindre einsam.
Gjer at du veks
- Verdiar som å jobbe hardt hjelper deg å nå måla dine.
- Positive haldningar hjelper deg å komme deg gjennom tøffe tider og halde fram å prøve.
Val av utdanning og jobb
Å kjenne dine eigne verdiar kan hjelpe deg å velje ei utdanning og ein jobb som du vil trivast med.
Å jobbe med noko du trur på, gjer at du liker jobben din betre. Til dømes: Viss du liker å hjelpe folk, kan du trivast i jobbar som lærar eller lege.
Desse verdiane og haldningene er som guidar. Dei hjelper deg å ta gode val og vekse som person.

En gutt står foran et speil litt usikker og tenker
Når verdiar og haldningar blir utfordra
Å handle mot sine eigne verdiar kan føre til problem. Det kan gje deg ei dårleg kjensle, skuld og stress. Dette igjen kan gjere deg trist og påverke korleis du har det.
Indre konflikt og skuldkjensler
- Motstridande kjensler: Viss du handlar mot verdiane dine, til dømes om du lyg sjølv om ærlegdom er viktig for deg, kan du kjenne på indre uro og skuldkjensle.
- Sjølvbilde: Viss du ofte gjer ting som er mot verdiane dine, kan du få dårlegare sjølvbilde. Du kan føle at du ikkje er ærleg mot deg sjølv.
Stress og angst
- Ubehag i kroppen: Å ikkje følge eigne verdiar kan gjere deg veldig stressa. Dette kan gi deg hovudverk eller gjere deg irritabel og trist.
- Problem med andre: Viss du ikkje handlar som du seier, kan det øydeleggje tilliten andre har til deg.
Når du er utanfor komfortsona
- Sjansen til å lære noko nytt: Nye utfordringar kan lære deg mykje. Du kan lære nye ferdigheiter og styrke verdiane dine.
- Bli betre til å tilpasse deg: Å takle utfordringar kan gjere deg betre til å løyse problem.
Korleis handtere nye utfordringar
- Tenk over kjenslene dine: Er ubehaget du føler eit teikn på at du veks, eller eit varsel om at noko er gale?
- Snakk med nokon: Å snakke om det som er vanskeleg med ein venn eller vaksen kan hjelpe.
- Juster haldningane dine: Nokre gongar må du forandre haldningane dine litt fordi du har lært meir om livet. Dette betyr ikkje at du gjev opp verdiane dine.

en jente ligger i senga å tenker på en krangel med en venn
Den usynlege ryggsekken din
Verdiane og haldningane dine hjelper deg i livet. Dei gjer at du kan ta gode val. Desse vala fører deg i rett retning.
Når du må velje, viser verdiane og haldningane dine kva som er best for deg.
Vekse og lære
Livet har mange utfordringar. Kvar utfordring er ein sjanse til å lære noko nytt. Bruk verdiane og haldningane dine til å vekse. Kvar gong du vel noko basert på verdiane dine, utviklar du deg, samtidig som du viser andre kven du er.
Hugs:
Kvar utfordring viser verdiane dine. Kvar avgjerd du tek, formar deg. Pass på den usynlege ryggsekken din. Då lever du eit liv som er ekte og fylt av meining.
