Språklege verkemiddel

Her finn du dei vanlegaste språklege verkemidla. Dette er nyttig både når du skal analysere og tolke tekstane til andre, og når du skal skrive dine eigne.

Accessibility icon Språklege verkemiddel

Språklege verkemiddel

Det finst mange ulike verkemiddel for å gjere teksten din betre. Det blir meir morosamt for deg å skrive og for den som skal lese. Med verkemidla kan du på ein måte fargeleggje teksten!

Som alt mogleg anna, er dette noko vi må trene på. Her skal du lære mange av dei viktigaste språklege verkemidla. Bruk dei, og opplev at det blir mykje meir moro å skrive!

Fargeblyanter i en sort kopp, og en skriveblokk med en blyant liggende oppå.
Fargeblyanter i en sort kopp, og en skriveblokk med en blyant liggende oppå.

1. Allusjon

Allusjon er å bruke idear frå andre kjende tekstar i din eigen tekst. Eit døme kan vere at du skriv om ei jente med raud kappe (eventyret om Raudhette). Eit anna døme kan vere ein saktekst om ti bod for å overleve ungdomsskulen (Dei ti boda i Bibelen).

En stor mørk ulv og ei lita jente med røde klær og kurv.
En stor mørk ulv og ei lita jente med røde klær og kurv.

2. Besjeling

Besjeling er når ikkje-menneskelege ting får menneskelege eigenskapar. Det kan vere snakkande ulvar, dansande tre eller vind som syng i trea. Med eit slikt verkemiddel kan du skape ein meir levande og spennande tekst. Det er ikkje berre eit gammalt tre som står i hagen, men det har lange, tynne fingrar.

3. Frampeik

Eit frampeik er når du får eit hint tidleg i teksten om noko som skjer seinare. Nokre døme kan vere desse innleiingane:

  • Balltreet han hadde i handa, var enno ikkje farga av blod.
  • Lite visste vi om at den fyrstikkeska skulle gjere oss heimlause.
Sort åpen fyrstikkeske med ubrente fyrstikker inni.
Sort åpen fyrstikkeske med ubrente fyrstikker inni.

4. Gjentaking

Dette er eit effektivt verkemiddel for å få lesaren til å hugse. Her kan det vere delar av handlinga som blir gjentekne fleire gongar. Det ser vi ofte i songtekstar, dikt eller eventyr. Tenk berre på kor mange gongar Askeladden seier «eg fann, eg fann» i eventyret om prinsessa som ingen kunne målbinde.

Søk opp teksten til ein song du liker godt. Er det brukt gjentaking i teksten der?

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

5. Ironi

Ironi er å seia det motsette av det ein eigentleg meiner. Eit døme kan vere når nokon seier: «Ja, det var jammen fint at det regna heile ferien.» Eit anna døme kan vere: «Det var endå godt telefonen min gjekk tom for straum akkurat då eg skulle bruke han for å betale på bussen.»

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

6. Kontrast

Eit anna ord for kontrastar er motsetningar. Desse forsterkar kvarandre og skaper spenning. Det som skil seg ut, blir mest tydeleg.

Eit døme kan vere: «Den vesle musa gjorde at elefanten verka mykje større.» Eit anna døme kan vere: «Napoleons kvite hest nærast skein i det mørke og blodige kaoset.»

Grønn ballong svever over mange hvite ballonger.
Grønn ballong svever over mange hvite ballonger.

7. Metafor

Metaforar er språklege bilde. Vi skriv om éin ting for å fortelje ein annan ting.

Hovudet blir ofte brukt som metafor: Vi har tak over hovudet, auge i nakken, øyrene på stilkar og bein i nasen. Du kan òg ha noko på tunga.

Nokre er fødde med ski på beina (dei er flinke til å gå på ski). Bestefar har grøne fingrar (han er flink til å stelle blomstrar). Veslebror har maur i rumpa (han er uroleg og rastlaus).

Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

8. Overdriving

Når du overdriv, tek du ekstra hardt i. Det kan vere ei positiv eller ei negativ forsterking. Verkemiddelet er vanleg i filmar, teikneseriar, reklame og avisoverskrifter.

  • Det var verdas beste is!
  • Dette er det største eg nokonsinne har opplevd!
  • Eg held på å døy av svolt!
Full saltdrøsse der lokket ligger oppe saltet som ikke fikk plass inni.
Full saltdrøsse der lokket ligger oppe saltet som ikke fikk plass inni.

9. Rim og rytme

Dette finn du i dei fleste lyriske tekstar som popsongar, rap eller dikt. Ofte er dette tekstar som skal bli framførte med musikk. Dei som komponerer songar, må tenkje på både tekst og melodi.

Blokk og blyant ligger oppå en brun kassegitar.
Blokk og blyant ligger oppå en brun kassegitar.

10. Samanlikning

Vi samanliknar noko med noko anna ved å bruke ordet «som». 

  • Du er søt som sukker.
  • Han er sint som ein kveps.
Blank Word-bakgrunn
Blank Word-bakgrunn

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images