Vi startar nedst, med tærne:

Når hælen går opp, går tærne ned. I sko betyr dette at tærne blir pressa saman nede i skotuppen. Tærne må då bere heile vekta av kroppen. Dess høgare hælar, dess meir vekt på tær og tråputene under tærne. Over tid vil mykje vekt på tær som er skvisa saman nede i ein trong sko, ikkje berre gjere vondt, men det kan også øydeleggje både tær og tånegler for livet.

Akilles, den sårbare sena

På baksida av ankelen sit akillessena. Dette er den største sena i kroppen, og ho er kjempesterk. Ho toler faktisk meir enn 500 kilo! Men går du på høge hælar heile tida, kan akillesen bli sliten, og du kan få veldig vondt. I nokre høve kan akillesen bli heilt øydelagd og ryke i to.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!