Kva er baroklin ustabilitet?

Når atmosfæren er baroklin, er han i ein slags «spent» tilstand, der energi kan frigjerast og føre til utvikling av vêr. Det motsette er ein barotrop atmosfære, der temperatur og trykk er jamt fordelt, og det skjer lite.

Kvar skjer det?

Baroklin ustabilitet skjer oftast rundt 50–60 breiddegrader, som i Noreg, der kald luft frå nord møter varmare luft frå sør. Dette er typisk for polarfronten, og det er her mange av lågtrykka og ekstremvêra våre oppstår.

Kvifor er det viktig?

Baroklin ustabilitet er drivkrafta bak mange av dei kraftigaste vêrhendingane vi opplever i Noreg, som:

  • lågtrykk som fører til ekstremnedbør
  • kraftig vind og stormar
  • danninga av vêrfrontar

Enkelt forklart

Du kan tenkje deg at atmosfæren «bølgjar seg» når kald og varm luft møtest. Viss vinden endrar seg med høgda, kan desse bølgjene vekse seg større – akkurat som når du blæs på ein dam og små krusningar utviklar seg til store bølgjer. Når dei blir store nok, får vi eit lågtrykk eller ein storm. Det er dette som er baroklin ustabilitet.

Baroklin ustabilitet handlar rett og slett om korleis kald og varm luft som møtest, kan lage bølgjer i lufta. Desse bølgjene kan bli til vêr som vi merkar, som stormar eller kraftig regn. Når kald luft frå nord møter varm luft frå sør, kan det bli litt som når varmt og kaldt vatn blir blanda og byrjar å lage små bølgjer. Og viss vinden forandrar seg med høgda (vindskjering, kan desse bølgjene vekse seg til store vêrfenomen.

Sjå visualisering av dette her: https://www.youtube.com/watch?v=CatIj6DU6ss

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor er dette relevant for ekstremvêr?

Baroklin ustabilitet er ein nøkkelprosess bak mange av dei ekstremvêra vi opplever i Noreg,  frå hauststormar til vinterlågtrykk. Når temperaturkontrastane er store og vindskjeringa sterk, kan lågtrykk utvikle seg raskt og bli ordentleg kraftige. Det er derfor vi ofte ser at ekstremvêr oppstår nettopp i overgangssoner mellom kald og varm luft, og vi forstår at baroklin ustabilitet er svært viktig i moderne vêrvarsling.

Sjå det i praksis

I denne videoen får du ein klar og visuell gjennomgang av korleis temperaturgradientar og vindskjer skaper bølgjer i atmosfæren som kan utvikle seg til stormsystem.

YouTube-video fra MIT som demonstrerer fenomenet:

https://www.youtube.com/watch?v=uWdKVpQ94Ns

Kjelder:

Bjerknessenteret for klimaforskning. (2020, 3. februar). Nøkkelen til ekstremvær i stratosfæren ligger i troposfæren under den. Henta frå: https://www.bjerknes.uib.no/aktuelt/nokkelen-til-ekstremvaer-i-stratosfaeren-ligger-i-troposfaeren-under-den

CICERO Senter for klimaforskning. (2021, 15. november). Klimaendringene øker raskere. Henta frå: https://cicero.oslo.no/no/posts/klima/klimaendringene-oker-raskere

Grønås, S. 2012. Hvordan-klimaet-kan-endres-Del3-Forutsigbarhet-for-var-og-klimaendringer.  Bergen Open Research Archive

Meteorologisk institutt. (2020). Hva er ekstremvær? Henta frå: https://www.met.no/vaer-og-klima/klimasvar/hva-er-ekstremvaer

Meteorologisk institutt. (u.å.). Lavtrykk og høytrykk. Henta frå: https://www.met.no/vaer-og-klima/klimasvar/lavtrykk-og-hoytrykk

Norsk Polarinstitutt. (2018). Klima: prosesser og drivkrefter. https://www.npolar.no/tema/klima-prosesser-og-drivkrefter/

SNL (u.å.) Rossbybølger Henta frå: https://snl.no/rossbyb%C3%B8lger

Close Icon

Loading...