Bli ein økokrigar

Tru det eller ei, men du kan vere med på å redde planeten utan å dra heimanfrå.

Accessibility icon Bli ein økokrigar

Bli ein økokrigar 

Leiande forskarar, miljøforkjemparar og myndigheiter over heile verda prøver å redda jorda frå ei skremmande framtid, ei framtid utan orangutangar som svingar seg gjennom regnskogen, eller amurleopardar som labbar gjennom dei snørike, russiske fjella. Tanken på å miste gorillaer, havskilpadder og nashorn er ille å tenkja på, men viss du trur at det å redde planeten berre er ein jobb for folk med mykje innverknad og makt, då må du tenkje om igjen, for små økokrigarar i heile verda har byrja å gjera ein skilnad… og det kan du også!

Verdifulle insekt

Mange tenkjer på at dei store dyra treng hjelp frå oss, men vi må også tenkje på dei lite verdsette insekta som bryt ned og kvittar seg med verdas søppel. Dei pollinerer plantane våre, held sjukdomar i sjakk og gjev oss ekstremt nyttige produkt som bivoks og silke. Dessverre er ein stor del av dei artane som er på randa av utrydding, insekt. Fuglar, som ein gong vart sett på som vanlege, er i rask tilbakegong og på god veg mot utrydding. Det er på høg tid at vi reagerer.

Start i eigen hage

Sjølv om du truleg ikkje har ein regnskog eller eige korallrev, har du kanskje tilgang på ein hage. Med nokre enkle grep kan du gjere han til ein kjærkomen heim for dyrelivet. Å verte ein økokrigar i hagen er ikkje like enkelt som å luke blomsterbeda og vatne plantane. Det krev at ein reduserer avfallsmengda, bruker om igjen det som er mogleg, og gjer smarte val.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!