Førstehjelp

Kvar einaste dag er det nokon i landet vårt som blir skadd eller alvorleg sjuk. Ein gong kan det vera du, eller nokon du er glad i, som er i fare. Då er du avhengig av at dei som er i nærleiken kan førstehjelp. Dersom mange kan førstehjelp, er det større sjanse for at liv kan reddast – både ditt og andres. Det verste du kan gjera er å ikkje gjera nokon ting.

Dersom du opplever å vera den som kjem først til ein ulykkesstad, må du hjelpa! Førstehjelp er ikkje vanskeleg å læra seg, men det gjeld å vita kva du skal gjera. Det er ofte dei enkle tinga som reddar liv. Har du høve til det, bør du øva på dette saman med andre, eller ta eit førstehjelpskurs.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

5 trinn ved drukning

Dette må du gjera om du er vitne til ei drukningsulykke:

1. Ring 113 

Først må du ringa 113, eller få nokon andre til å ringa mens du går i gang med å hjelpa. Når dei svarar, må du fortelja dei dette:
– Kven som ringer, og kva nummer dei kan nå deg på
– Kva som har skjedd
– Kvar pasienten er

Set telefonen din på høgtalar. Operatøren kan rettleia deg vidare.

2. Hald deg trygg 

Ikkje hopp ut i vatnet for å redda nokon utan å tenka deg om. Du hjelper ingen ved å setja deg sjølv i fare.


Rop ut. Kan personen i vatnet komma seg mot land sjølv?

Rekk ut. Har du ei fiskestong, ein pinne, eit handkle eller noko anna for å dra personen mot land? 


Kast ut. Er det ei livbøye, ein flytevest eller noko anna i nærleiken som kan hjelpa personen med å halda seg flytande? 

Ro ut. Få personen til å halda seg i akterenden av båten. Dersom han ikkje klarer å halda seg fast sjølv, kan du halda han til hjelpa kjem.


Sym ut. Om du ikkje har livredningstrening, bør du skaffa hjelp. Må du symja ut, bør du ha med noko som flyt for å ha mellom deg og personen i vatnet.

Slik reddar du nokon fra å drukna 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

3. Få personen på trygg grunn 

Du må få personen til ein stad der han ligg trygt. Bøy hovudet til sida for å tømma munn og svelg for vatn. Dersom personen ikkje reagerer på tilrop eller forsiktig risting, skal du gå ut frå at vedkommande er medvitslaus.

mann redder person fra drukning
mann redder person fra drukning

4. Sjekk om personen pustar

Bøy hovudet bakover og opn munnen for å gi frie luftvegar. Legg øyret inntil for å sjekka om personen pustar normalt.

Dersom han er medvitslaus, men pustar fint, skal du legga han i stabilt sideleie. Hald personen varm og kontroller jamleg at han pustar, mens du ventar på hjelp.

Førstehjelp illustrert
Førstehjelp illustrert

5. Dersom personen ikkje pustar …

… må du starte hjarte- og lungeredning med ein gong. Om det ikkje er mogleg å få personen på land, bør du bruka munn-til-munn-metoden i vatnet.

Start med fem innblåsingar og deretter 30 brystkompresjonar. Legg hendene midt på brystet, og dytt handbaken din ned med strake armar. Hald fram med vekselvis to innblåsingar og 30 kompresjonar heilt til hjelpa kjem. Tel høgt. 

Ikkje slutt å gjera kompresjonar sjølv om du blir sliten! Viss de er fleire, kan de bytta på når de ikkje orkar meir.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Førstehjelp ved drukning

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images og RS
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images og RS