Båtførarbeviset

For å køyra ein fritidsbåt som er meir enn 8 meter lang, eller har motor med fleire enn 15 hestekrefter, er du nøydd til å ha båtførarbevis. Dette gjeld alle personar som er fødde etter 1979. Gjennom prøven lærer du å navigera med båt og blir kjent med merka og trafikkreglane på sjøen.

Vegen til båtførarbeviset

Du må vera 16 år for å få båtførarbeviset, men du kan ta prøven allereie som 14-åring. Fram til det bør du øva så godt du kan på alle trafikkreglane på sjøen. Denne artikkelen fortel deg om dei aller viktigaste tinga du må kunna.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Trafikkreglane på sjøen

For at båtar ikkje skal kollidera, er det bestemte reglar for kven som skal vika (svinga unna), og kven som har forkøyrsrett. Mellom seglbåtar er det spesielle vikereglar. Dei lærer du viss du går på ein seglskole.

Seilbåt på sjøen

For motorbåtar:

  • Du har vikeplikt for båtar som kjem frå styrbord (høgre). Akkurat som ein moped eller bil har vikeplikt for dei som kjem frå høgre.
  • Viss to båtar kjem rett mot kvarandre, skal begge svinga litt til styrbord.
  • Motorbåtar skal vika for seglbåtar og seglbrett, bortsett frå når seglaren tar igjen motorbåten.

For alle fritidsbåtar:

  • Du har vikeplikt for båtar du tar igjen.
  • Fritidsbåtar skal vika for nyttefartøy, til dømes ferjer, lasteskip og fiskebåtar som driv med fiske.
  • Hald deg alltid litt på avstand og sving unna i god tid. Viss du køyrer litt fort og litt for nær den båten du skal vika for, kan dei bli usikre på om du i det heile tatt har tenkt å svinga unna. I tillegg er du sjanselaus viss det plutseleg skulle skje noko med båten eller motoren.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To seilbåter og en daycruiser

Sjømerke

For at du og alle andre skal unngå å køyra på grunn, er det plassert stakar, merke, vardar, båkar og fyr der det er mykje båttrafikk. Dei har ulike fargar: raude, grøne, svarte og gule.

Sjømerke med hytte i bakgrunnen

Hovudretninga til leia

På alle sjøkart vil du finna ei tjukk pil med ein raud sirkel på venstre side og ein grøn sirkel på høgre side. Denne pila viser deg hovudretninga til leia. Viss du køyrer den vegen pila viser, skal du ha raude merke på venstre (babord) side og grøne merke på høgre (styrbord) side. Viss du køyrer den andre vegen, er det motsett.

Sjøkart

Svarte og gule merke

Desse merka fortel deg om himmelretningane. Du skal køyra:

– på nordsida av nordmerket
– på sørsida av sørmerket
– på austsida av austmerket
– på vestsida av vestmerket

Det kan vera lurt å lagra eit bilete av desse merka på mobilen, så du kan sjekka det viss du blir usikker. Det er farleg å køyra på feil side av eit sjømerke!

Gule og sorte sjømerker

Lanterner

Alle båtar som ferdast på sjøen, må ha lanterner som er plasserte riktig. Når det er mørkt eller tåke, skal desse lanternene òg vera tente, elles er det ikkje noko poeng. Ved å sjå på korleis lanternelyset er, kan du nemleg finna ut kva veg båten køyrer, og kor stor han er, sjølv når du ikkje kan sjå han.

Hovudregelen er at det skal vera ei grøn sidelanterne på styrbord (høgre) side av båten, ei raud sidelanterne på babord (venstre) side, ei kvit topplanterne som lyser framover, og ei kvit akterlanterne.

Robåtar, kajakkar, kanoar og små seglbåtar kan bruka ei lommelykt eller liknande. Båtar som er mindre enn sju meter og som ikkje kan gå fortare enn sju knop, kan klara seg med éi kvit, rundtlysande lanterne.

Store båtar (over 50 meter) skal ha sidelanterner, akterlanterne og to topplanterner. Seglbåtar som seglar skal ha berre sidelanterner og akterlanterne.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Lys fra lanterner

Reglane gjeld alle!

Akkurat som med biltrafikken er ein avhengig av at alle følgjer reglane, elles kan farlege situasjonar oppstå. Alle veit kor farleg det er å køyra feil veg på motorvegen, eller å ikkje ha på frontlyktene sine når det er mørkt. Sånn er det på havet òg! Du må læra deg reglane for å halda deg sjølv og andre trygge.

Hund med redningsvest

Kjelder:

  • Sjøfartsdirektoratet (2016): Vannviktig
    PDF-utgiving

Bilete- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Redningsselskapet
    5. Kartverket
    6. Kystverket
    7. Redningsselskapet
    8. Redningsselskapet
    9. Redningsselskapet