Den franske revolusjonen

For å forstå den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet må vi kjenne årsakene til at det vart revolusjon. Vi bør òg kunne noko om dei viktigaste hendingane, namn på nokre personar, og vite om årstal som var avgjerande. Men vi må også forstå kva forandringar revolusjonen førte med seg i Frankrike.

Vi lærer historie for å forstå kvifor samfunn endrar seg, og for å forstå kva vi kan lære av det. Tankane og ideane bak den franske revolusjonen førte til store forandringar langt utover Frankrikes landegrenser. Sjølv om ei dramatisk hending speler seg ut i eitt land, kan det få store konsekvensar for andre land.

Det franske flagget som ser gammelt og slitt ut.
Det franske flagget som ser gammelt og slitt ut.

Kongen bestemte alt

I Frankrike på 1700-talet hadde dei eit totalitært kongedømme. Det betyr at kongen bestemte alt og var eineveldig. Folket og kongen sjølv trudde han hadde fått makta frå Gud, og då var det ingen som kunne ta kongen for noko. Han var tilsynelatande like ufeilbarleg som Gud sjølv.

Kongen bestemte lovene i landet, bestemte kven som skulle betale skatt, og kor mykje skatt dei skulle betale.

📷  Etterlikning av ei av maskene til kong Ludvig 14. Han var konge i Frankrike mellom 1643 og 1715.  

Skattepengane vart ofte brukte til krigføring, for dei franske kongane hadde ambisjonar om å gjere Frankrike til ei stormakt. Dei utfordra mange andre land i Europa og deltok under den amerikanske sjølvstendekrigen (1775-1783). Der støtta dei kolonistane som ville lausrive seg frå Storbritannia. Sjølv om Frankrike vann fleire slag, opplevde dei at krigføringa knekte økonomien i landet fullstendig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kong Ludvig 14. med gullmaske pyntet med papegøyefjær.
Kong Ludvig 14. med gullmaske pyntet med papegøyefjær.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!